Øye kyrkje


Hovudkyrkja Øye i Surnadal er bygd i 1871. Ola O. Scheistrøen var byggmeister. Kyrkja vart vigsla 30. juni, og på neste gudsteneste den sommaren deltok 215 nattverdgjester!

Minst to eldre kyrkjer har stått på same staden - som i gammal tid heitte Eyar. - "En liden Kiercke af Staafwerk, uden Taarn oc Spiir, men med tvende Korsarme", skriv Trondhjems Reformats om den eldste kjende Øye-kyrkja i 1589.
 
I 1724 vart ei åtte-kanta trekyrkje bygd. Eit måleri av denne heng i våpenhuset i den noverande kyrkja. Den kjende kyrkjekunstnaren Peder Bildsnider laga visstnok både altartavla og døypefonten den gongen. (Desse vart auksjonerte bort da ny kyrkje vart bygd. Klenodia hamna på museet i Kristiansund og brann opp da byen vart bomba under krigen.) Men vindua vart bruka opp-att på "Fastskulen" på Øye.
 
Altartavla i Øye kyrkje viser Jesu dåp og er måla av V. Vilberg.
 
Kyrkja fekk elektrisk lys i 1934. 

Det noverande orgelet vart bygd av det danske firmaet Marcussen i 1987.

Tekst og foto: BB

Tilbake

Dagens bibelord:

Surnadal
kyrkjelege fellesråd


Surnadal kyrkjekontor
Besøksadresse:

Bårdshaugvegen 21, 6650 Surnadal
Postadresse:
Postboks 19, 6656 Surnadal
Telefon: 71 65 70 60 
Epost: post@surnadal.kyrkja.no

Åpningstid: Mandag - torsdag 10 - 14

Bankkonto: 4040.55.87256
Organisasjonsnummer: 976997956