Felles middag og sosialt samver 15. mai


Har du lyst til å ete middag saman med nokon fleire?

Eter ein ofte  middag åleine, er det triveleg å ete i lag med nokon. For travle småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå.  Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet  ein onsdag i månaden. Dørene opnar kl.15.30, og maten blir servert frå kl.16.00.Treffet avsluttast med ei kort samling kl.17.00.

Pris kr. 50, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år.  Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Ring eller send sms til diakon Gro Hauge Venås på nr. 97161071, seinast tysdag om du vil melda deg på.

Alle er hjarteleg velkomne!                                          

 Arr. Kyrkja i Surnadal

 

 

 

Tilbake

Dagens bibelord:

Surnadal
kyrkjelege fellesråd


Surnadal kyrkjekontor
Besøksadresse:

Bårdshaugvegen 21, 6650 Surnadal
Postadresse:
Postboks 19, 6656 Surnadal
Telefon: 71 65 70 60 
Epost: post@surnadal.kyrkja.no

Åpningstid: Mandag - torsdag 10 - 14

Bankkonto: 4040.55.87256
Organisasjonsnummer: 976997956